BUSCAR POETAS (A LA IZQUIERDA):
[1] POR ORDEN ALFABÉTICO NOMBRE
[2] ARCHIVOS 1ª, 2ª, 3ª, 4ª, 5ª 6ª 7ª 8ª 9ª 10ª 11ª 12ª 13ª 14ª 15ª 16ª 17ª 18ª 19ª 20ª y 21ª BLOQUES
[3] POR PAÍSES (POETAS DE 178 PAÍSES)

SUGERENCIA: Buscar poetas antologados fácilmente:
Escribir en Google: "Nombre del poeta" + Fernando Sabido
Si está antologado, aparecerá en las primeras referencias de Google
________________________________

domingo, 28 de abril de 2013

EINAR OKLAND [9778]


Einar Økland (Foto: Samlaget)

Einar Økland
Einar Økland (nacido en 1940) es un poeta noruego,  dramaturgo, ensayista y escritor de literatura infantil.
Hizo su debut literario en 1963, con el poemario Ein gul dag. Fue galardonado con el Premio de la Crítica Noruego de Literatura para el libro infantil Sikk-sakk.  Fue galardonado con el Premio Melsom 1991 Når ikkje anna er sagt, y la Dobloug Premio en 2000. 

Bibliografía:

Vandreduene : lyriske stykke (Lyrikk, Samlaget, 2010) Forteljingar og fablar frå andre tider (Forteljingar, Samlaget, 2010) Eventyrboka (Medforfatter) (Forteljingar, Skald forlag, 2009) Kant-i-kant : småprosa (Essaysamling, Samlaget, 2008) Juleglimt (Medforfatter) (Noveller, Selja, 2008) Oddvar Torsheim : i nynorskens skog (Sakprosa, Samlaget, 2008) Damsleth : han teikna for Norge (Vigmostad & Bjørke, 2008) Godnattboka : nynorske forteljingar (M3edforfatter) (Forteljingar, Skald forlag, 2007) Litteratur for barn og unge: 2008 (Tekster, Samlaget, 2007) Krattet på badet (Dikt, Samlaget, 2006) Black & Decker og 20 andre historier. Eit utval (Noveller for ungdom, Samlaget, 2006) Den blanke bjølla. Utvalde noveller for barn (Samlaget, 2005) Poetiske gleder (Dikt, Samlaget, 2003) Dikt i samling (Dikt, Samlaget, 2002) I tilfelle nokon spør (Essay, Samlaget, 2001) Th. Kittelsen (Medforfatter) (Gave/kunstbok, Stenersen, 1999) Etter Brancusi (Dikt, Samlaget, 1999) Svarte norske (Dikt, Samlaget, 1997) Max Ernst: Ei lita jente drøymer om å gå i kloster (Gjendiktning, 1997) Frå helling via hylling til halling (Essay, Samlaget, 1997) Heile tida heile tida (Dikt, 1994) I staden for roman eller humor (Essay, Samlaget, 1993) Siste time (Noveller, Cappelen, 1992) Pennen den blå (Barnedikt, Samlaget, 1992) Når ikkje anna er sagt (Dikt, Samlaget, 1991) Walkman (Billedbok, Samlaget, 1989) Tolv dagar musikk. (Billedbok, 1989) Måne over Valestrand (Essay, Samlaget, 1989) Per Krohg som illustratør (Sakprosa, Samlaget, 1989) Den dumme (Eventyr/Fabel, Samlaget, 1988) Brevmerke på norsk post (Sakprosa, Samlaget, 1988) Mellom himmel og jord (Barnedikt, Samlaget, 1986) Reklamebildet (Medforfatter) (Sakprosa, Samlaget, 1986) Her er ingen papegøye (Barnebok, Samlaget, 1984) Blå roser (Dikt, Samlaget, 1983) Nå igjen (Essay, Samlaget, 1982) Snøsteinen (Noveller, Samlaget, 1982) Egg til alle (Barnebok, Aschehoug, 1982) Den norske barnelitteraturen (Medforfatter) (Sakprosa, Cappelen, 1981) Ei ny tid (Billedbok, Samlaget, 1981) GuGutar i røyk : ni ulike historiertar i røyk. (Noveller, Samlaget, 1980) Skrivefrukter : epistlar, artiklar, småstykke frå norsk litteratur 1963-1978 (Essay, Gyldendal, 1979) Ein god dag (Billedbok, Samlaget, 1979) Vendepunkt : 14 noveller for ungdom (Medforfatter) (Noveller for ungdom, Cappelen, 1979) På frifot, blanda vers (Barnedikt, Gyldendal, 1978) Sikk-sakk (Barnebok, Samlaget, 1978) Snakk med dr Ost (Barnebok, Samlaget, 1977) Ingenting meir (Tekster, Pax, 1976) Kven veit? (Barnebok, 1976) Statsministerens sko og andre tekster (Tekster, De norske Bokklubbene, 1976) Slik er det (Noveller, Samlaget, 1975) Bronsehesten. (Dikt, 1975) Den blå ringen (Barnebok, Samlaget, 1975) Jazz i Norge (Medredaktør) (Sakprosa, Gyldendal, 1975) Stille stunder (Roman, 1974) Det blir alvor (Noveller, Samlaget, 1974) Du er så rar (Barnedikt, Samlaget, 1973) Gull-alder (Dikt, Samlaget, 1972) Galskap (Roman, Samlaget, 1971) Bemann barrikadene - fienden har sluppet løs sin pyjamas! (Medredaktør) (Antologi, De norske Bokklubbene, 1970) Amatør-album (Roman, Samlaget, 1969) Aberfan (Dramatikk, Samlaget, 1969) Vandreduene (Dikt, Samlaget, 1968) Georg: Sit du godt? (medf). (Dramatikk, Samlaget, 1968) Svart i det grønne (Noveller, Samlaget, 1967) Mandragora (Dikt, Samlaget, 1966) Ein gul dag (Dikt, Cappelen, 1963)



La piedra 

En este instante
yo soy la piedra,
que se va al fondo.
La superficie no tiene imágenes
y los círculos han estallado.
Y mucho antes de llegar al fondo
todo es oscuridad.
que me voy al fondo.

1.966

Poesía nórdica. F. J. Úriz. Ediciones de la Torre 1.999






Morgonblått - Havgrønt - Nattsvart (Tre to-delte Fartein Valen-satsar)



M o r g o n b l å t t (1)


lampen utan lys
kan stå i ro i mørket
til sola skin på den

når sola skin på lampen
held lampen 
fast på mørket
til mørket skin frå den





M o r g o n b l å t t (2)


kven glitrar frå tone til tone

frå kvar tones nullpunkt
til kvar tones nullpunkt

slik at det tonar frå
tone til
tone
over 
kvar tone

kven går så stilt forbi


eg går så stilt

om
eg hadde større kraft
gjekk eg endå stillare
forbi




II 

H a v g r ø n t (1)

min gud
min gud
kvifor
har du forlate meg

mitt barn
mitt barn
kvifor
har du forlate meg

min kropp
min kropp
kvifor
har du forlate meg

fordi
du skal spørje
fordi
du skal svare
fordi
du skal finne deg sjølv

åleine
forpint
fortapt
til fånyttes frelst



H a v g r ø n t (2)

hit 
og ikkje lengre
kom eg

men hit og mykje lengre
kjem eg
når den veldige armen peikar

utover havet på tvers av vinden 
mot noko eg ikkje ser

ingen stad har eg sett 
lengre enn til desse fingrane som blir borte yst ute 
der underarmen av porselen støyter dei frå seg som strekar 

og armen som peikar herifrå utover 
dønningane som rullar inn
er min

stå her og bere denne veldige armen
at eg
som kom hit med to gamle armar
står her med ein 
at eg

når eg ser ned 
gjennom overarmen
som er av blankt og grønt glas
ser eg ned

på dei visna og skeive stråa i sprekkene her på den storkna steinknausen
endå dei ikkje lenger lever står stråa opp på tvers av vinden og vitnar 
om sine linjer

fingrane ytst på den veldige armen er teikna 
med desse linjene

eg kjenner ingenting
anna enn ei veksande glede
som kverv or meg slik livet kverv 
or eit visnande strå
endeleg

er det eg som går heim
er det heim eg går
når eg går heim

er det heim eg går
når eg kjem tilbake
hit

til dei visne stråa på knausen
til vinden over og havet nedfor og endeløysa utover
innover

stråa som aldri meir skal vekse teiknar seg på auga mitt
mens armen av glas og porselen løfter dei endelause fingerlinjene 
ut mot det endelege der blikket kvile




III

N a t t s v a r t (1) 

lampen utan lys
kan stå i ro i mørket
til sola skin på den

når sola skin på lampen
held lampen 
fast på mørket
til mørket skin frå den




N a t t s v a r t (2)

lyset går gjenom glaset utan
å knuse det
lyset går gjennom vatnet
i glaset
utan å bli vått
lyset lar seg kaste mot
glaset og bøyer
sin bane utan å brotne

medan eg grip inn i mitt mørke
medan eg løfter mitt glas
i mørket
medan eg drikk mitt vatn
i mørket

eg ser glaset til glasets ære
eg drikk vatnet til vatnets ære
eg ser lyset til lysets ære
mens mørket tonar 








No hay comentarios: